onsdag 3. april 2013

Vår


Påska er over og det gule er stort sett pakka vekk, forutan dei gule detaljane eg har framme til vanleg. Greinene som eg hadde påskepynt på får stå ei stund til, eg syns dei står så fint i Norgesglaset. Eg har sått karse, og den har begynt å vekse. Vesleguten min på snart 5 syns det er kjekt å følgje med på at det spirer. Det er så godt med meir lys om dagen og lenger kveldar. Sjølv om det er kaldt i lufta merkar eg godt at det no er vår! Tusen takk for kommentarar på innlegga mine, og velkomen til nye følgerar!

1 kommentar:

  1. Så fin og vårleg stemning hos deg:) Norgesglass er kjempefine som vaser - spesielt de med blåskjær i....:) Klem

    SvarSlett