Nokon glimt frå øya eg bur på, ein sommardag og sommarkveld i juli. Er takknemlig for gode dagar med sol!
torsdag 25. juli 2013
onsdag 24. juli 2013
Pengetre og skap
Det fine veret har endelig komt til Sunnmøre også, herlig! Det blir likveld nokon interiørbilder herfrå. Har ommøblert litt oppå det gamle skapet mitt. Og så syns eg planta som blir kalla "Pengetre" er verdt å vise fram. Den har eg hatt i mange år, og den har vokse seg stor og fin. Er veldig glad i lysestaken som står oppå skapet. Den hadde eg lyst på lenge, og kjøpte den på sal når den var på 70%. Ha ein fin veke vidare!
fredag 19. juli 2013
Besøk
I går hadde eg besøk av nokon venninner som eg ikkje hadde sett på lenge. Og det vart god mat og prating til langt på natt! Eg likar å ha gjestar, både å lage mat og ikkje minst å pynte bord. I går var eg berre ute i hagen og fann nokon fine blomster til å pynte bordet med. Syns dei passa så godt inn! Ikkje alltid så mykje som skal til; lys, fine serviettar og blomster gjer susen!
onsdag 17. juli 2013
Utstilling
tirsdag 16. juli 2013
Hekladuk og fargerikt fat
Eg fann fram ein gamal hekladuk eg er har arva, syns den gjorde seg fint på stuebordet. Eit fat frå merket Rice vart lysfat, syns det er fargerikt og sommarlig. Rosene frå forrige veke står fortsatt, buketten har minka, og fått plass i ein mindre vase. Når det fortsatt regnar ute hjelper det å kose seg inne med eit lyst og sommarleg interiør. Takk for alle koselege kommentarar og velkomen til nye følgerar!
mandag 15. juli 2013
Lengtar etter sol!
I dag er det vind og regn ute, skikkeleg haustver. Tok desse bileta for snart to veker sidan, då vi sist hadde glimt av sol her. Skulle ønska sola ville dukke opp igjen snart!
søndag 14. juli 2013
Mint og rosa
Eg har leika meg litt med bilder. Mint og rosa er ein farge som går att heime med meg. Ikkje ofte eg kjøper blomster til meg sjølv, men denne veka fall eg for freistinga, rosa fine roser. Håper du har hatt ei fin helg!
lørdag 13. juli 2013
Kjøken og hyller
Eg har fått opp ei ekstra hylle på kjøkenet. Fyrst hadde eg berre ei, men syns det kunne vere både fint og praktisk med ei til. Her har eg både ting eg brukar i det daglige, og ting som omtrent kun blir brukt til pynt. Ha ei god helg!
onsdag 10. juli 2013
Sommaren hittil
Sommaren hittil i bilder. Litt frå turen til Spania og litt frå heimen. Godt å mimre til sol og varme når det pøsar ned ute. Håper du har ein fin julidag der du er!
mandag 8. juli 2013
Sommar på jorda- Nib utfordring juni
Sommaren har latt vente på seg på Sunnmøre i år, og uteplassen har blitt lite brukt, har måtta tatt inn duken eg la på bordet på grunn av kraftig regn og vind. Så bidraget mitt til Nib si utfordring for juni: "Sommar på jorda" blir frå stua mi. For meg er sommar tid til å lese, drikke kaffi og lakke negler. Med nokon sommarblomar og litt sommarlige fargar inne blir dette sommarstemning for meg. Har forresten alltid fått kommentarar på at eg har sånn sommarlig stemning i heimen heile året. Er vel fordi eg har det lyst og lett og fordi eg alltid har pastellar og lyse fargar i interiøret. Så får det våge seg at dette blir reprise på forrige innlegg!
mandag 1. juli 2013
Åleinetid
Kva gjer du når du har tid for deg sjølv? I helga var sonen min vekke på overnatting. Som åleinemor gjer slike pusterom godt. Det var nydelig å sove så lenge eg ville og starte dagen med kaffi og ei god bok. Eg er glad i å lese, men er ikkje så flink å kome i gong med nye bøker, er lettare å lese aviser og blad. Men for meg høyrer det med til sommaren å lese ei god bok. Og dersom boka virkelig er god er det alltid litt vemodig å legge den frå seg, det er nesten slik eg savnar karakterane!
Abonner på:
Innlegg (Atom)