Eit par nye mintfarga lys i messingstakane inspirerte meg til litt fleire bilder frå kjøkenet. Syns lilla og mintgrønt er ein fin kombinasjon. Den lilla benken kjøpte eg på loppemarked i fjor til 75 kroner, den var da slitt og falma i ein slags brungrøn farge. Eg bestemte meg for å gi den ein frisk farge. Sidan den skulle plasserast på kjøkenet måtte eg tenke kva fargar eg har der frå før, og med grå fliser over kjøkenbenken og stålfarga kjøleskap og komfyr syns eg lilla vart fint. Den lilla og mintgrøne puta hadde eg frå før, men hadde aldri nokon plass å ha den. No har den fast plass i benken. Dei grå putene er frå Kid. Ønsker dokke ein fin torsdag kveld, og takk for besøket!
Viser innlegg med etiketten Fargar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fargar. Vis alle innlegg
torsdag 16. januar 2014
søndag 12. januar 2014
Turkis + oransje
Etter ei stund med pastellar i stua har eg gått tilbake til dei litt meir sterke fargane. Turkis og oransje er to fargar eg alltid har brukt i interiøret og som eg aldri vert lei. Det er veldig fint å bruke dei i lag også. Desse to fargane står overfor kvarandre i fargesirkelen slik dei dannar det som heiter komplementærfargar. Det er fargar som framhevar kvarandre eksta godt når dei står i lag. Andre eksempel på komplementærfargar er grønt og raudt, og lilla og gult. Eg har og lært at oransje er den varmaste av dei varme fargane, medan turkis er den kaldaste av dei kalde. Dette var dagens leksjon i fargelære.
Elles har eg fått to ting i julegåve som eg set ekstra pris på og som begge er avbilda på fotografia. Det lyse pelspleddet er heilt herlig å slenge rundt seg på ein kald vinterkveld. Og den terracottafarga kula som ligg på lysfatet er ei duftkule som er laga i Frankrike. Den er fylt med økologisk parfymeolje laga i Grasse i Frankrike og gir ei nydelig duft i heimen. Eg kosar meg i alle fall veldig i stua mi, her er det godt å vere både med fargar, dufter og ulike tekstilar.
onsdag 10. april 2013
Nib-medlem
torsdag 4. april 2013
Fargebad
Bringebær med vaniljekesam, sunn og enkel dessert! Og eksta kjekt å spise i søte skåler frå Kremmerhuset. Fine pastellfargar og mønster, passar perfekt inn heime med meg. Sjølv om eg er glad i fargar likar eg også interiør som er meir avdempa i nyansane. Og det er godt å sjå at det er stor variasjon ute i bloggverda. Har planar om å delta i Nib si utfordring denne måneden, så kanskje neste innlegg herfrå blir om det? Ha ein fin torsdagskveld!
onsdag 30. januar 2013
Fargar og fridag
I dag har eg hatt fri frå jobb. Dagen har blitt brukt til blant anna husvask og til å ta nokon fargerike fotografi. Endelig var det såpass lyst ute at det gjekk an å få bilete som eg syns fungerer. Alle bileta eg viser i dag er frå stova. Som dokke ser er eg glad i fargar og mønster. Lysfat og små stilleben er med på å skape stemning. Dagen vart avslutta med baking av grove bollar, kanskje kjem oppskrifta på desse i eit anna innlegg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





