tirsdag 17. mars 2015

Male eller ikkje male? Treng råd!

 
Eg har eit kjøken som byrjar å bli slitt. Vurderer nye dører/frontar, men dette blir kostbart. Så lurer på å male sjølv. Nokon som har erfaring med dette og kan råde eller fraråde meg til å gjere det? Redd det blir veeldiig mykje jobb!! Og vil det halde? Kva type maling er bra å bruke? Tek gjerne i mot tips om fargeval også, no er det ein slags gråkvit farge, men kva med å male lys turkis for eksempel? Blir ein lei det på sikt kanskje? Mest trygt å male lyst, men når ein fyrst skal fornye kunne det vere gøy med litt forandring også. Takknemlig for råd! (Ps. Kjøkenbildet er ikkje nytt og ikkje av beste kvalitet, måtte berre ha det med for å vise litt av kjøkenet)

søndag 15. mars 2015

Nydeleg vårdag







I dag har vore ein nydelig vårdag på Sunnmøre. Vi har vore på tur med "Barnas Turlag" og kosa oss ute med grilling og oppdagingsferd mellom bakkar, berg og gamle tun. Dei første snøklokkene er plukka og solstrålane har gitt varme og påfyll til ei ny veke.


tirsdag 10. mars 2015

Nib-utfordring mars bidrag 2




Denne lilla benken har eg vist på bloggen eit  antall gonger før, og var difor usikker på om eg skulle ta den med igjen. Men den er så fin og eg likar den så godt, så deltek herved igjen på månedens Nib-utfordring : "Vakker fornying med Lady maling". Benken vart kjøpt på loppemarked for litt under 100 kroner og har fått 2 strøk av malinga "supreme finish" som gir ekstra glans. Fargen meiner eg heiter plomme. Krakken ved sidan av benken er og malt med Lady maling, denne i ein lys turkistone men med meir matt maling. De turkise skapet som er på eine bildet er malt med ein enda lysare turkistone, men også denne med Lady-maling. Ønsker alle ein fargerik dag!

mandag 9. mars 2015

Nib-utfordring: Vakker fornying med Lady-maling




Månedens utfordring hjå Nib er "Vakker fornying med Lady maling". Eg har mange bruktmøblar i heimen som eg har pussa opp og fornya med nettop Lady maling. Dette vesle bordet var i si tid i bruk på eit tannlegekontor. Då eg arva det var det i naturfarge men slitt i lakken. Eg pussa det ned og fornya det med ein frisk gulfarge, skifta knott og vips hadde eg eit nytt møbel. Ønsker du å sjå andre bidrag i utfordringa så klikk her.