tirsdag 28. januar 2014

Nytt maleri

 

 
Sist veke vart eg ferdig med eit nytt maleri. Litt uvant å male i så duse fargar, men syns det vart fint. Her har eg hengt maleriet på kjøkenet for å fotografere det. Trur eg vil prøve å male litt fleire duse bilete framover. Maleriet har allereie funne seg ein lukkeleg eigar.

mandag 27. januar 2014

Litt meir oransje

 
 

 
 
Eg er som sagt glad i oransje. At det no er ein farge som er på mote er difor eit pluss. Når eg kjøper roser syns eg det er fint å dele opp buketten og sette eit par i ein mindre vase også. Desse ferskenfarga rosene er kjøpt på Coop og er veldig haldbare, i tillegg er dei fairtrade-produkt. Ha ein god måndag og ei god veke vidare kjære lesarar!

torsdag 23. januar 2014

Lilla

 
 


 
Eg hadde ein orkide som nesten hadde blomstra av, dei to blomane som var att fekk plass i ein søt liten vase som pyntar opp på kjøkenbordet. Syns dei passa godt inn til den lilla benken og til dei andre fargane på kjøkenet mitt. Ønsker alle som ser innom ein fin torsdag! Takk for kjekke kommentarar på tidlegare innlegg.

fredag 17. januar 2014

Kvifor blogge?

 

 
 
 
I dag vaskar eg hus, men fekk tid til å ta desse litt vårlige bileta innimellom. Primulaen minner meg om vår og gjev meg ei god stemning! Eg las på ein annan blogg nylig at det å ta bileta å legge ut på bloggen gjorde denne dama glad. Og på same måte har eg det! Fine fargar og gode komposisjonar gjer meg rett og slett glad, og det er grunn god nok for meg til å halde på med dette! Og om nokon av dokke som er innom bloggen og ser på bileta og vert glad av dei er det eit stort pluss. God helg folkens!

torsdag 16. januar 2014

Mint + lilla

 

 
Eit par nye mintfarga lys i messingstakane inspirerte meg til litt fleire bilder frå kjøkenet. Syns lilla og mintgrønt er ein fin kombinasjon. Den lilla benken kjøpte eg på loppemarked i fjor til 75 kroner, den var da slitt og falma i ein slags brungrøn farge. Eg bestemte meg for å gi den ein frisk farge. Sidan den skulle plasserast på kjøkenet måtte eg tenke kva fargar eg har der frå før, og med grå fliser over kjøkenbenken og stålfarga kjøleskap og komfyr syns eg lilla vart fint. Den lilla og mintgrøne puta hadde eg frå før, men hadde aldri nokon plass å ha den. No har den fast plass i benken. Dei grå putene er frå Kid. Ønsker dokke ein fin torsdag kveld, og takk for besøket!

søndag 12. januar 2014

Turkis + oransje

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Etter ei stund med pastellar i stua har eg gått tilbake til dei litt meir sterke fargane. Turkis og oransje er to fargar eg alltid har brukt i interiøret og som eg aldri vert lei. Det er veldig fint å bruke dei i lag også. Desse to fargane står overfor kvarandre i fargesirkelen slik dei dannar det som heiter komplementærfargar. Det er fargar som framhevar kvarandre eksta godt når dei står i lag. Andre eksempel på komplementærfargar er grønt og raudt, og lilla og gult. Eg har og lært at oransje er den varmaste av dei varme fargane, medan turkis er den kaldaste av dei kalde. Dette var dagens leksjon i fargelære.
 
Elles har eg fått to ting i julegåve som eg set ekstra pris på og som begge er avbilda på fotografia. Det lyse pelspleddet er heilt herlig å slenge rundt seg på ein kald vinterkveld. Og den terracottafarga kula som ligg på lysfatet er ei duftkule som er laga i Frankrike. Den er fylt med økologisk parfymeolje laga i Grasse i Frankrike og gir ei nydelig duft i heimen. Eg kosar meg i alle fall veldig i stua mi, her er det godt å vere både med fargar, dufter og ulike tekstilar.



tirsdag 7. januar 2014

Blanke ark på kjøkenet

 
 
 
 

 
Månadens utfordring hjå NIB er "Blanke ark på kjøkenet". Med dessa bileta frå kjøkenet mitt deltek eg herved i månadens utfordring. Eg er glad i å vere på kjøkenet mitt, både fordi eg likar å lage mat og fordi eg syns eg har eit koselig og passe stort kjøken. Eg har mange ulike fargar der, turkis, lilla og gult blant anna. Mange brukte og arva møblar og ting og tang. Det har vore stor diskusjon på NIB sine sider i det siste, og det har blitt sagt at NIB viser for lite variasjon og at det er dei same som vert valgt ut til galleri og finale gong på gong. Ein ting eg har sett er at det ofte er dei som tek dei beste bileta som kjem vidare. Sjølv tek eg bilete med eit 10 år gamalt digitalt lommekamera og drøymer om eit flott speilreflekskamera, det er høgt oppe på lista i alle fall! Enn så lenge må eg eg bruke det eg har, og gjere det beste ut av det.Håper du likte bilda eg deler! Blir i såfall glad for ein kommentar.
 
For fleire bidrag kan du gå til NIB si heimeside ved å klikke HER.

onsdag 1. januar 2014

Godt nytt år!

 
Ein liten collage i frå året som har gått! Takk for alle som har følgt med på bloggen min og for alle koselige kommentarar. Godt nytt år ønsker eg dokke alle!