onsdag 26. juni 2013

Lupinar

 
 
 
 
I går var eg på Spar og skulle kjøpe peonar på tilbod, men dei var utselgt. Så etter middag tok sonen min og eg oss ein tur ut og plukka denne vakre buketten med lupinar. Er nesten glad peonane var utselgt, for dette vart minst like fint!

fredag 21. juni 2013

Meir frå Spania

 
 
 
 
 
 
 

 
 

Her kjem litt fleire bilete i frå veka i Spania. Bileta er tatt i Benidorm og i Valencia.
Ønsker alle lesarar ei god helg!

torsdag 20. juni 2013

Bryllup i Spania

 
 
 
 
Det har vore stilt med innlegg her i det siste. Grunnen er at eg har vore i bryllup i Spania med søskenbarnet mitt som bur der. Ho er halvt spansk, så det var eit ekte spansk bryllup. Ein fantastisk fest og eit minne for livet! Var og nokon dagar på sol og badeferie, skal vise bilder frå det i neste innlegg!

søndag 2. juni 2013

Ny lampe og piano i hus!

 
 
 
Eg har fått pianoet til foreldra mine i hus! Pianoet som eg lærte meg å spele på for ganske mange år tilbake, veldig kjekt å endelig kunne spele i min egen heim. Har ikkje fått ordna med lampar og slik som eg vil ha det, så kjem tilbake med bilder etter kvart. På bruktbutikken fann eg også ein søt ferskenrosa lampeskjerm til 20 kroner. Vanskelig å finn ein fot som passa, men enda med ein blå som eg mala kvit med spraymaling frå biltema. Syns det vart ein fin lampe for ein rimelig penge. Her pøsregnar det i dag, så sommarstemninga som var her forrige veke er dessverre vekke. God søndag!