søndag 31. mars 2013

Påskemorgen

 
 
 
 
 
Påskeliljene har sprette ut, vi har prøvd å teikne på hardkokte egg, resultatet vart så som så, men dette er ein tradisjon eg har hatt med meg frå eg var liten, og som eg ønska å føre vidare til sonen min. Ute har det snøva tett i dag, og vi har vore ute og laga snømann. Veret minne meir om jul enn om påske.  Ønsker dokke ein fin 1. påskedag!
 
Påskemorgen

Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid;
den har oss givet lyset og livet,
lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.

 
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
Helvede greder, himlen seg gleder,
himlen seg gleder med lovsang ny.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!

 

fredag 29. mars 2013

Glimt frå påska









Påska har hittil vore full av gode opplevingar både ute og inne, turar i skog og mark, gode måltid, koselege besøk og fint ver. Vi er heime heile påska, og har vore litt på oppdagelsesferd i nærmiljøet. Ofte ligg det skattar rett rundt hjørnet som vi ikkje visste om. Deler til slutt oppskrifta på nokon enkle, sunne og gode rundstykker. Tusen takk for kjekke kommentarar på forrige innlegg!


12 grove rundstykker

3 1/2 dl lunka vatn
1 pk ferskgjær
250 g sammalt kveite grovt
1 ts salt
3 ss olivenolje
ca. 350 g kveitemjøl

Rør gjæra ut i vatn, rør inn alt  mjølet, salt og olje. Elt deiga godt, drypp over nokon dråpar olivenolje og la den heve  i ca. 30 minutt. Trill ut 12 rundstykker og la dei etterheve på brett med plast over i ca. 30 minutt. Pensle dei lett med olje før du steiker dei midt i oven på 220 grader i 20 minutt. Avkjøl på rist. Anbefalar å doble oppskrifta når du først er i gang!

mandag 25. mars 2013

Påske i heimen

 
Huset er pynta og klart til påske. Eg pyntar ikkje like mykje til påske som til jul, men litt gult må eg ha, og så kjøper eg påskeliljer og perleblomster. Eg er ikkje vant med hytteliv i påska, men håper å få til nokon turar ute i naturen, enten det blir til fots eller på ski. Forrige veke var eg på ein veldig fin konsert, og sangen  "Is it true" av Anita Skorgan vart framført av eit lokalt sangtalent. Sangen handlar faktisk om grunnen til at vi feirar påske. Ønsker alle lesarar ei  kjempefin påske, uansett kva planar du måtte ha og kva påska betyr for deg!
 
I thought I caught a glimpse of you
I thought I saw your face
as the Sunday morning due
melted every trace

Did you walk the earth in vain
conquering the dead
or did life make you forget
the crown upon your head

Is it true what they say
Are you coming back someday
Is it true what they
About you

If it's true will you be
A guiding light to me
and the few that still believe

You went missing from our life
you're nowhere to be seen
not in heaven not on earth
but somewhere in a dream

Tell me how you see the world
Watching from afar
Is this all that we can be
Is this who we are

Is it true what they say
Are you coming back someday
Is it true what they
About you

If its true will you be
A guiding light to me
and the few that still believe

If its true will you be
A guiding light to me
and the few that still believe
For few that still believe    

 
 
 
 
 

fredag 22. mars 2013

Vårlege serviettar


 
 
For ei stund sidan meldte eg med på ein konkurranse om å designe serviettar. Det skulle ikkje vere meir enn 4 ulike fargar pr. design. Regnar med alle har fått med seg at fuglar er i vinden for tida? Så det vart sjølvsagt fuglar med på serviettane. Veit ikkje korleis resultatet av konkuransen er enda, men gøy å delta var det uansett! Om nokon lurer på korleis eg har gjort dette er det laga i eit tegneprogram på pc. Alt er tegna på frihand av meg sjølv.
Tusen takk for kjekke kommentarar her inne, og hjertleg velkomen til nye følgerar! Ønsker dokke ei god helg!

mandag 18. mars 2013

Glimt frå ein mandags ettermiddag

 
 
 
 
 
I kvardagen min finn eg det vanskelig å få tid til å ta bilder til bloggen, så i ettermiddag tok eg rett og slett nokon detaljbilete frå kjøkenet, medan vi venta på middagen. Ein fin fargerik kopp, utsnitt av voksduken på bordet, litt lys og nokon fine steinar som ligg på lysfatet.
Eg elskar å lage ting, så luksusproblemet er kva eg skal prioritere. For tida lærer eg å sy, og så har eg lyst å male fleire bilete. Og sjølvsagt tid til å blogge. Ofte vil eg rekke over alle ting på ein gong, men ser at det kan ende med at ingenting blir gjort. Dette gjer meg litt frustrert! Korleis er din kvardag, får du tid til alt du har lyst til?                                        

lørdag 16. mars 2013

Tallerkenhylle


Viser nokon detaljar frå interiøret som eg ikkje trur eg har vist før. Er veldig glad i tallerkenhylla mi. Den vart kjøpt på bruktbutikken for 100 kroner og malt kvit. Fata som står til pynt er og kjøpt brukt, medan dei  søte mokka-koppane er ei gåve kjøpt i Spania. Den grøne gamle stolen var tidlegare  inventar på eit tannlegkontor, før eg var så heldig å arve den. På veggen ved sidan av tallerkenhylla har eg laga til ein bildevegg. Ha ei fin helg!

torsdag 14. mars 2013

Maleri i rosatonar


Eg må innrømme at å vere bloggar kan medføre visse fristelsar. Det er så mykje fint å sjå på andre sine bloggar, og det er herlig å la seg inspirere. Samtidig begynner eg å sjå alt heime eg kan ha lyst å forandre på, det hadde vore kjekt å for eksempel malt veggane  i stua og golva kunne eg tenkt meg lysare. Men no for tida har eg verken tid eller økonomi til slike forandringar. Prøver heller å vere fornøgd med dei tinga eg har, og heller gjere små forandringar med ting eg allereie har. Og det har heile tida vore litt min filosofi innan interiør, å kunne unne seg litt nytt av og til, men i lengda helst å bruke det ein har på nye måtar, og å for eksempl gi eit møbel ein er lei av eit nytt strøk med maling. Maleriet som eg viser her er forresten ikkje nytt, har hatt det hengande i stua i 2-3 år. Men har mala det sjølv, og har lyst å bruke bloggen til av og til å presentere nokon av maleria mine. Takk for alle kommentarar, og velkomen til nye følgerar!

mandag 11. mars 2013

Papir og eske

 

Før kasta eg som regel innpakningspapir utan å reflektere over dette. Siste tida har eg byrja å gøyme på papir eg syns er ekstra fint, og ved hjelp av decoupagelim og tome esker har eg laga fine oppbevaringsesker som pyntar opp i stua. Dette papiret fekk eg i form av ei innpakka gåve då eg var bursdag nylig, og det tok ikkje lange tida før det måtte på plass på ei eske. Oppbevaring får ein vel aldri nok av? God mandagskveld!

onsdag 6. mars 2013

Nib-utfordring: Jenteparty

 

 

 

Da er det klart for damelag på Sunnmøre! Med inspirasjon frå serviset  "Cafe de Paris" er det friske fargar, raude negler og fine kjolar som gjeld. Her er det lagt vekt på det frodig, feminine og maksimalistiske. Sjølv er eg glad kvar gang eg får bytte ut bukse med kjole og brødskive med kake. Eg elskar å pynte og lage til selskap og har kosa meg med å ta bilda til denne månedens utfordring hjå Nib. Håper bilda er til inspirasjon!

 


tirsdag 5. mars 2013

Vårstemning



I dag høyrte eg fuglekvitter ute på vei til jobb! Godt å vite våren snart er rundt hjørnet. Syns mars, april og mai er dei beste månedane i året. Eg får rett og slett meir energi når det er lyst ute, og humøret stig. Får ein heilt egen følelse av våren! Kjenner du deg att?

søndag 3. mars 2013

Rosa søndag


Eg har ikkje for vane å kjøpe inn blomar til helga, men då eg var bursdag for to veker sidan fekk eg to bukettar med roser som begge har stått i nesten 14 dagar! Må berre skryte litt av merket, begge bukettane var merka  "Primaflor", trur dei er å få kjøpt hos Mega/Coop. Så når eg har så fine fargar må eg berre knipse i veg med kameraet. Har funne ut at mitt vesle digitale kamera ikkje er så verst likevel. Ut frå tittelen på innlegget i dag kom eg til å tenke på uttrykket "rosablogger" som slik eg forstår det nesten har blitt eit skjellsord? Men kva gale har desse "rosabloggerane" gjort? Ikkje veit eg kva kategori eg går under, men rosa er ein fin farge spør du meg. God søndag!

 

fredag 1. mars 2013

Serviettar

Eg deltek i ein konkurranse om å designe servietter! Eg har kosa meg med å lage desse tre forslaga, same design, men i tre ulike fargar. Kravet var maks 4 fargar pr. serviett, så har derfor begrensa meg litt i fargebruken. Mulig eg må delta med fleire forslag, for dette var så gøy! Ønsker alle som er innom ei god helg!  PS. Eg blir glad om du legg att ein kommentar!