I dag vart det vafler til frukost. Sidan den minste i familia hadde vondt i munnen i går pga. frambrot av 6-års jeksel og i dag vakna og hadde så lyst på vafler gav eg etter. Ikkje så ofte det skjer, men greit å kose seg litt ekstra ein tirsdagsmorgen når ein har anledning til det. Eit lite bilderas frå heimen: ser at rosa og grønt går igjen i interiøret, det same gjer mønster i ulike fargar, men også her ein del grønt og rosa. Ein gamal stol eg fann på loppemarked og som har stått på loftet har fått plass i stua, syns den var fin eg! Einaste dumme er at den er utslitt i setet slik eg har lagt over eit skinn midlertidig i alle fall. Vurderer om eg skal prøve meg på å trekke om att setet, syns mønsteret på stolen er så spesielt, så har lyst å beholde det. Om nokon som les dette har tips å gi i forbindelse med omtrekking tar eg gjerne i mot.