Vi har hatt ei innhaldsrik og kjekk helg. Har rekt både ein tur på loppemarked, fjelltur og litt strikking. På loppemarkedet fann eg 3 fine lysestakar i messing. Fann eit gamalt fat heime som eg har arva frå bestemora mi, det fekk kome fram på bordet sidan det passa så godt i lag med lysestakane. Det lilla strikket skal bli ein vest, eller genser utan armar. Garnet heiter Sandnes Easy, det er ganske tjukt og som navnet seier, lett å strikke. Eg har ikkje så gode strikke-ferdigheiter, så enkle ting passar meg. Pleddet som du kan skimte på eine bildet i rosa og beige har eg strikka for mange år sidan. Det tok tid å strikke, men har hatt stor glede av det! Ønsker alle som er innom ei god veke!
Ps. Om nokon har gode tips og råd til puss av messing tar eg gladelig i mot :-)