onsdag 26. februar 2014

Let meg friste!




Eg som hevda marmor ikkje var noko for meg.. Pipa har fått ein annan lyd! Etter eit besøk på gjenbruksbutikken  kunne eg ikkje la desse 3 "skjønnheitene" gå frå meg. Må nok innrømme at eg er litt typen som ofte kjem etter på trendar, treng litt tid på å venne meg til å like ting. Korleis er du, "avantgarde" eller etternølar som meg?

søndag 16. februar 2014

Rosa + oransje



 
 
Eg syns rosa og oransje er ein fin kombinasjon! Veldig friskt. I anledning bursdagen min nylig fekk eg nokon nydelige rosa roser frå mor mi, dei passar perfekt inn i interiøret mitt. Om du som besøker bloggen min likar den legg deg gjerne til som følgar, da blir eg glad! God søndagkveld!

fredag 14. februar 2014

Barneromet



 
Eit rom i huset eg viser fram for fyrste gong i dag er barneromet. Har nettopp fått tak i eit fint sengeteppe, som matcha perfekt til dei fargane som elles er på rommet. Har ikkje vore så lett å finne sengetepper til barn, dette fann eg hos Dekoria, som har butikk på nettet. Eg er veldig fornøgd med kvaliteten på sengeteppet, det er vattert og ganske tjukt i kvaliteten, nesten slik det går an å bruke som ei sommardyne på sommaren. Eg syns også mønsteret og fargane passa veldig godt inn til resten av fargane på barneromet. Ha ei strålande helg!
 
NB! Innlegget er sponsa.

onsdag 12. februar 2014

Perleblomst + pastell

 

 
 
Til morsdag fekk eg ein fin perleblomst! Den har begynt å blomstre og pyntar så fint opp på kjøkenbordet mitt. I lag med duse pastelltonar syns eg dette byrjar å ligne på vår. Og slik veret har vore på Sunnmøre i det siste er her meir vår enn vinter, heilt greitt for min del. Om nokon syns det har blitt mykje blomster her i det siste så lovar eg noko heilt anna i neste innlegg!

lørdag 1. februar 2014

Callandiva



 
Ei plante eg alltid har i hus når det nærmar seg vår er "ildtopp", på fagspråket Callandiva. Syns den er kjemepefin, så står den lenge og er lettare å halde liv i enn for eksempel primula. Det gledar meg å sjå den på kjøkenet mitt! Ha ei fortsatt god helg og hjertlig takk for fine tilbakemeldingar på forrige innlegg!