lørdag 31. januar 2015

Stua + grøne planter





Eg har alltid likt planter. No er det visst "in" med grøne planter, særlig store planter. Eg har nylig anskaffa meg ei planta som heiter "Monastera". Den kan bli ganske stor. Syns den er veldig flott, med sine særegne blad. Håper den vil trivs med meg slik eg kan ha den lenge. Eg får på ein måte eit forhold til plantene mine, dei får no stell og omsorg og eg har dei fleste i årevis. Det skal mykje til før eg kvittar meg med ei. Likar du planter?


mandag 26. januar 2015

Lilla benk


 
Den lilla benken på kjøkenet vart flytta frå eine sida av bordet til den andre, syns den kom til sin rett ved vindauget! Benken kjøpte eg for under 100 kroner på loppemarked, og malte den i fargen plomme. Har ikkje mykje lilla i interiøret frå før, men syns den passar inn. Bildet i bakgrunnen har eg malt sjølv. Ha ei fortsatt god veke!

søndag 25. januar 2015

Detaljar


 
 
 
Søndag morgon, tid til å nyte ei roleg stund. I løpet av helga har lysfatet fått ei lita ommøblering. Syns gull og koparfargar er fint i lag. Er glad i å bruke lerkegreiner, dei er dekorative og haldbare. Ha ein god søndag alle lesarar!

fredag 9. januar 2015

Nib-utfordring januar

 
 
 

 
 
Månadens Nib-utfordring er "Korleis lyssetter du heimen din?". Svaret mitt er lampar i ulike størrelsar og typar. Eg har både lampar i tak, golvlampar og lampar på bord. Felles for dei  er at dei er lyse og glir fint inn i interiøret. Eg har og ein kombinasjon av moderne og meir klassiske lampar. Om du studerer fotografia eg deltek med vil du sjå eksempel på dette. For meg er lampar og belysning ikkje berre lys, men og med på å skape stemning og stil i heimen. For å sjå fleire bidrag klikk her.