Denne lilla benken har eg vist på bloggen eit antall gonger før, og var difor usikker på om eg skulle ta den med igjen. Men den er så fin og eg likar den så godt, så deltek herved igjen på månedens Nib-utfordring : "Vakker fornying med Lady maling". Benken vart kjøpt på loppemarked for litt under 100 kroner og har fått 2 strøk av malinga "supreme finish" som gir ekstra glans. Fargen meiner eg heiter plomme. Krakken ved sidan av benken er og malt med Lady maling, denne i ein lys turkistone men med meir matt maling. De turkise skapet som er på eine bildet er malt med ein enda lysare turkistone, men også denne med Lady-maling. Ønsker alle ein fargerik dag!
Viser innlegg med etiketten Nib-utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nib-utfordring. Vis alle innlegg
tirsdag 10. mars 2015
mandag 9. mars 2015
Nib-utfordring: Vakker fornying med Lady-maling
Månedens utfordring hjå Nib er "Vakker fornying med Lady maling". Eg har mange bruktmøblar i heimen som eg har pussa opp og fornya med nettop Lady maling. Dette vesle bordet var i si tid i bruk på eit tannlegekontor. Då eg arva det var det i naturfarge men slitt i lakken. Eg pussa det ned og fornya det med ein frisk gulfarge, skifta knott og vips hadde eg eit nytt møbel. Ønsker du å sjå andre bidrag i utfordringa så klikk her.
fredag 9. januar 2015
Nib-utfordring januar
Månadens Nib-utfordring er "Korleis lyssetter du heimen din?". Svaret mitt er lampar i ulike størrelsar og typar. Eg har både lampar i tak, golvlampar og lampar på bord. Felles for dei er at dei er lyse og glir fint inn i interiøret. Eg har og ein kombinasjon av moderne og meir klassiske lampar. Om du studerer fotografia eg deltek med vil du sjå eksempel på dette. For meg er lampar og belysning ikkje berre lys, men og med på å skape stemning og stil i heimen. For å sjå fleire bidrag klikk her.
tirsdag 7. januar 2014
Blanke ark på kjøkenet
Månadens utfordring hjå NIB er "Blanke ark på kjøkenet". Med dessa bileta frå kjøkenet mitt deltek eg herved i månadens utfordring. Eg er glad i å vere på kjøkenet mitt, både fordi eg likar å lage mat og fordi eg syns eg har eit koselig og passe stort kjøken. Eg har mange ulike fargar der, turkis, lilla og gult blant anna. Mange brukte og arva møblar og ting og tang. Det har vore stor diskusjon på NIB sine sider i det siste, og det har blitt sagt at NIB viser for lite variasjon og at det er dei same som vert valgt ut til galleri og finale gong på gong. Ein ting eg har sett er at det ofte er dei som tek dei beste bileta som kjem vidare. Sjølv tek eg bilete med eit 10 år gamalt digitalt lommekamera og drøymer om eit flott speilreflekskamera, det er høgt oppe på lista i alle fall! Enn så lenge må eg eg bruke det eg har, og gjere det beste ut av det.Håper du likte bilda eg deler! Blir i såfall glad for ein kommentar.
For fleire bidrag kan du gå til NIB si heimeside ved å klikke HER.
søndag 8. desember 2013
Strålande jul
Det er andre søndag i advent, og det har blitt litt meir jul i heimen. Eg brukar å pynte med lilla og rosa i adventstida, og like før julafta sper eg på med ei ekstra dose raudt. Juletreet får vi ikkje i hus før det nærmar seg den 24., men i år fann vi eit lite søtt tre like ved huset vårt som vi tok inn. Elles er sviblar på plass og ei rosa julestjerne pyntar opp spisebordet. Vi har laga pepperkake-kirke og julekrybba er på plass. Med desse bileta deltek eg herved i Nib si utfordring for desember "Strålande jul". Eg vert glad om du som les innlegget legg att ein kommentar! Fortsatt god adventstid til alle lesarar!
torsdag 7. november 2013
Vinterstemning
Vinterstemning for meg er fyrst og fremst snø. Men vi har ikkje fått det enda på Sunnmøre.
Innandørs er vinter for meg levande lys, noko varmt i koppen og gjerne eit strikk i fanget. Tome greiner utan blad er og vinter slik eg ser det, og kalde blå og turkisfargar gir dei rette
farge-assosiasjonane. Med desse bileta frå kjøkenet mitt deltek eg på Nib si utfordring for
november: "Vinterstemning".
tirsdag 8. oktober 2013
Varm, gnistrande haust
I siste liten rekk eg herved å delta på Nib si utfordring for oktober: Eldstaden. I heimen vår var det allereie montert ein vedovn når vi flytta inn. Den var ikkje plassert slik at det vart naturleg å sette sofa og stolar framfor, så når vi skal varme oss ekstra på den brukar vi puter og skinn som vi legg på golvet. I månadens utfordring skulle vi og få fram kva som er haust for den enkelte. For meg er det i tillegg til levande lys tid for te og varme drikkar. Håper du nyt hausten der du befinn deg!
torsdag 5. september 2013
Mykje lys og mykje pledd
Eg er ikkje så glad i haust, men det hjelp med lys og varme pledd og ei stue som eg trivs i!
Nib si utfordring for september månad er nettopp dette: "Mykje lys og mykje pledd".
Med desse bileta frå heimen deltek eg herved i utfordringa.
onsdag 7. august 2013
Stua
Stua er hjertet i heimen vår, her brukar vi mest tid i løpet av ein dag. Her tar vi imot besøk, ser tv, les i blad og bøker, leiker og slappar av. Eg skiftar ikkje så ofte interiør, det er dei sama fargane som går att, men for å fornye litt skiftar eg nye dukar eller nye lys/gjenstandar på lysfatet. Eg trivs i alle fall godt i stua mi! Med desse fotografia deltek eg på Nib si utfordring for august: "Er du en stuepike?"
mandag 8. juli 2013
Sommar på jorda- Nib utfordring juni
Sommaren har latt vente på seg på Sunnmøre i år, og uteplassen har blitt lite brukt, har måtta tatt inn duken eg la på bordet på grunn av kraftig regn og vind. Så bidraget mitt til Nib si utfordring for juni: "Sommar på jorda" blir frå stua mi. For meg er sommar tid til å lese, drikke kaffi og lakke negler. Med nokon sommarblomar og litt sommarlige fargar inne blir dette sommarstemning for meg. Har forresten alltid fått kommentarar på at eg har sånn sommarlig stemning i heimen heile året. Er vel fordi eg har det lyst og lett og fordi eg alltid har pastellar og lyse fargar i interiøret. Så får det våge seg at dette blir reprise på forrige innlegg!
onsdag 8. mai 2013
Bruktduellen
Her er mitt bidrag til Nib si utfordring for mai: "Bruktduellen". Eg har mykje brukt i heimen, både møblar, servise og pynteting. Eg har valgt å sette saman eit lite stilleben der nesten alt er brukt. Den lyseturkise kommoden har eg arva, den vart malt og skifta knott på, og blir no brukt til oppbevaring av ulike servise. Den oransje glaskula/vasen og den nydelige krukka har eg arva frå foreldra mine. Den lysegrøne vasen som eg brukar som lysestake låg i ei gratiskasse på ein bruktbutikk! Og bildet som eg har mala sjølv er eit maleri eg har mala over fordi eg ikkje likte/ var lei det gamle maleriet. Nedst i hyllene står delar av Figgjo sitt servise "Tor-Viking" som eg har samla på og kjøpt brukt. Stolen som er mala i same farge som kommoden er kjøpt på bruktbutikk, og dei brune apotekerflaskene på loppemarked. Det blomstrete stoffstykket fann eg og på bruktbutikken, det har eg tenkt å sy noko av, enten eit putetrekk eller at det skal bli del av eit lappeteppe. Så det einaste som ikkje er kjøpt nytt på desse bileta er den rosa ranunkelen og dei kunstige blomane som står i flaskene!
lørdag 6. april 2013
Vårforberedelsar
I går planta eg dei fyrste uteplantene for våren;"knappeblomster". Og i dag har snøen lagt seg som eit tjukt kvitt teppe her på Sunnmøre! Utrulig kor veret kan skifte her frå ein dag til ein annan. Er jammen glad eg tok desse bileta i går, slik eg med dette kan delta i Nib si utfordring for april: "Vårforberedelsar". Eg kosa meg i alle fall veldig med å ta bileta. Ønsker deg ein fin laurdag uansett korleis veret er der du bur!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
