Sist veke vart eg ferdig med eit nytt maleri. Litt uvant å male i så duse fargar, men syns det vart fint. Her har eg hengt maleriet på kjøkenet for å fotografere det. Trur eg vil prøve å male litt fleire duse bilete framover. Maleriet har allereie funne seg ein lukkeleg eigar.
Viser innlegg med etiketten Maleri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Maleri. Vis alle innlegg
tirsdag 28. januar 2014
tirsdag 17. september 2013
Nytt på kjøkenet
Litt forandring på kjøkenet, eit nytt maleri har fått plass.Syns det passa fint til resten av interiøret.
Har vist maleriet ein gong før, da var det plassert på soverommet. No har det midlertid fått ein meir permanent plass på kjøkenet, enn så lenge. Eg er glad i maleri, sysn det gir eit flott blikkfang og tyngdepunkt i eit rom. Om nokon skulle like maleriet ekstra godt kan dokke vite at det er til salgs, eg har mala det sjølv. Takk for alle kommentarar og velkomen til nye fylgjarar!
onsdag 11. september 2013
Utstilling
Forrige helg hadde eg separatustilling i eit kunstlag på Sunnmøre. Stilte ut 15 maleri i akryl. Lenge sidan sist eg har stilt ut så mange bilete, så det var kjekt å få vise dei fram og ikkje minst å få mange fine tilbakemeldingar. Slikt gir inspirtasjon til vidare arbeid. Fekk ein heilt nydelig blomsterbukett under opninga av utstillinga, og den passa perfekt i den rosa Ikea-vasen min! Eit lite utval av maleria innimellom bileta av blomsterbuketten. Ha ein fin onsdagskveld!
onsdag 17. juli 2013
Utstilling
søndag 26. mai 2013
Abstrakt maleri
Eg mala ferdig eit abstrakt maleri denne veka. Her har eg prøvehengt det i stua for å sjå kor det tar seg ut og for å fotografere det. Det vart ferdig onsdag, og same dag fekk eg forespørsel frå ei som var på jakt etter eit maleri. Torsdag kveld for det ut døra til sin nye heim. Kjekt og inspirerande!
tirsdag 21. mai 2013
Nytt maleri
Siste tida har det ikkje frista så veldig å blogge, har hatt for mange andre ballar i lufta og veret har vore så fint. Men har malt ferdig eit nytt maleri som eg har lyst å presentere.Det er abstakt og går i fargane oransje og turkis, fargar som og går att i interiøret mitt. Viser også korleis det tar seg ut på veggen. Har og mala ferdig det gamle skapet eg har kjøpt, så i neste blogginnlegg vil eg vise bilder av det.Manglar berre å få ta foto av det. Har og tenkt litt på og undra meg over hyppigheita på blogginnlegg, mange har nye innlegg daglig. Sjølv ser eg at dette finn eg ikkje tid til i min kvardag. Blir det for sjeldan innlegg er ikkje det bra heller, men ser sjølv at eg klarer ikkje å følgje med på dei bloggane der det er nye innlegg daglig. Nokon som har synspunkt på dette? Kor ofte bør ein ha innlegg? Klar over det ikkje er nokon fasit, og kvar og ein må gjere som ein har tid og lyst til, men litt nysgjerrig på kva andre tenker.
mandag 6. mai 2013
Stilleben
Eg rydda i gamle tegningar og bilder her ein dag, og kom over ein akvarell som eg fekk lyst å sette fram. Har mala den for ca. 15 år sidan! Den står foreløpig plassert på eit lite avlastningsbord i lag med lysestakar og fotografiet av bestemora mi. Som dokke kanskje ser er det brudebildet av ho!
Eg syns det er fint å lage ulike stilleben rundt om i huset, og her blir det i dobbelt forstand, sidan det er eit stilleben på akvarellen også. Tusen takk for kjekke kommentarar på forrige innlegg! Eg må berre få tilføye at ein må ikkje vere geni for å lære å sy, trur ikkje eg hadde klart det utan å gå kurs først. Hjertlig velkomen til nye fylgjarar også, blir SÅ glad for nye medlemer!
tirsdag 30. april 2013
Nytt maleri
Mitt nyaste maleri vart i varme fargar, oransje, korall, raudt, gult, brunt og rosa. Har hengt det på veggen for å ta bilde av det, men det er tenkt som ei bryllupsgåve. Har endelig fått tid til å male litt meir i det siste, og det er eg glad for. Håper å kunne få til ei ny separatutstilling i løpet av 2013 eller 2014, det gir inspirasjon å ha noko å jobbe fram mot. Eg driv også og malar på eit fint gamalt møbel om dagane, kan røpe at dette og blir i ein varm farge, om enn ganske lys pastell. Fin tysdag og 1. mai til alle som er innom her!
mandag 15. april 2013
Pastell og maleri
Her er nokon detaljar frå kjøkenet, her går det mest i duse pastellar. Maleriet som eg viser heng i gangen, men syns det passa så godt i lag med desse fargane. Maleriet er laga av meg sjølv. Ha ein fin mandagskveld!
torsdag 14. mars 2013
Maleri i rosatonar
Eg må innrømme at å vere bloggar kan medføre visse fristelsar. Det er så mykje fint å sjå på andre sine bloggar, og det er herlig å la seg inspirere. Samtidig begynner eg å sjå alt heime eg kan ha lyst å forandre på, det hadde vore kjekt å for eksempel malt veggane i stua og golva kunne eg tenkt meg lysare. Men no for tida har eg verken tid eller økonomi til slike forandringar. Prøver heller å vere fornøgd med dei tinga eg har, og heller gjere små forandringar med ting eg allereie har. Og det har heile tida vore litt min filosofi innan interiør, å kunne unne seg litt nytt av og til, men i lengda helst å bruke det ein har på nye måtar, og å for eksempl gi eit møbel ein er lei av eit nytt strøk med maling. Maleriet som eg viser her er forresten ikkje nytt, har hatt det hengande i stua i 2-3 år. Men har mala det sjølv, og har lyst å bruke bloggen til av og til å presentere nokon av maleria mine. Takk for alle kommentarar, og velkomen til nye følgerar!
torsdag 28. februar 2013
Maleri
For fyrste gong på eit heilt år har eg mala ferdig eit maleri! I fleire år har eg brukt mykje tid på dette og delteke på fleire utstillingar. Men siste året har full jobb i kombinasjon med å vere småbarnsmor sett ein stoppar for det. Håper eg får meir tid til dette framover, for det gjer meg så glad når eg får halde på med dette! Maleriet er til salgs om nokon kunne tenke seg å ha det på veggen.
fredag 15. februar 2013
Gang
Sidan eg ikkje har vist nokon bilete frå gangen enda viser eg no foto frå gangen nede og oppe. Maleriet som viser på det fyrste fotografiet har eg mala sjølv. Det mintgrøne fatet som står til venstre på konsollbordet har eg arva frå mamma si tante. Det er eit gamalt Figgjo-fat som eg syns er heilt nydelig. Det siste bilete er frå gangen oppe. Kjolen som heng til pynt har eg hatt i snart 10 år, og vurderer å bruke den nok ein gang når eg i sommar skal i bryllup i Spania.
God helg!
lørdag 2. februar 2013
Glimt frå soverom
tirsdag 29. januar 2013
Litt frå kjøken og stue
Her er nokon glimt frå kjøkenet mitt. Her er det mykje pastellar, mest mot litt kjølige turkistonar. Den vesle turkise kommoden er pussa opp og malt, før var den brun og slitt og stod som møbel på eit venterom, var så heldig å arve den. Serviset som står i kommoden er "Tor-Viking" frå Figgjo. Synes mønsteret og fargane er så fine. Maleriet som det viser eit utsnitt av er sjølvprodusert. Og til slutt eit foto frå eine stuevinduet, dei brune apotekflaskene vart med heim frå eit loppemarked i fjor. Dette blir litt stykkevis og delt, ser fram til å dele fleire bilete frå heimen når lysforholda ute vert bedre. I dag er det regnfullt og mørkt på Sunnmøre.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















