tirsdag 30. april 2013

Nytt maleri

 
 
 
Mitt nyaste maleri vart i varme fargar, oransje, korall, raudt, gult, brunt og rosa. Har hengt det på veggen for å ta bilde av det, men det er tenkt som ei bryllupsgåve. Har endelig fått tid til å male litt meir i det siste, og det er eg glad for. Håper å kunne få til ei ny separatutstilling i løpet av 2013 eller 2014, det gir inspirasjon å ha noko å jobbe fram mot. Eg driv også og malar på eit fint gamalt møbel om dagane, kan røpe at dette og blir i ein varm farge, om enn ganske lys pastell. Fin tysdag og 1. mai til alle som er innom her!

søndag 28. april 2013

Ranunklar

 
 

Eg har planta ut ranunklar i krukker! Håper eg får dei til å vare, ikkje dei lettaste plantene å få til, men dei er gode å sjå på så lenge dei varer. Til slutt eit lite bilde frå inngangen til huset mitt, for lenge sidan malte eg nokon steinar i ulike fargar og skreiv på fine og vise ord. Malinga og skrifta har blitt litt blassare, men syns det berre er fint slik. Elles har eg fått i hus ein skatt som eg driv og pleiar, eit stort prosjekt, men som eg gler meg til å vise snart! Ha ein fin søndagkveld!

søndag 21. april 2013

Boligpluss-utfordring

 
Med dette bildet frå stua mi deltek eg i Boligpluss si utfordring: "Stua". Har aldri delteke der før, men ser at fleire andre bloggerar er med, så kvifor ikkje? Eg stortrivs i alle fall i stua mi, så om du likar interiøret mitt gå og stem HER. Ha ein fin søndagskveld og ei god veke!

fredag 19. april 2013

Vårfornyelsar

 
 
 
 
 
Det er ikkje alltid så mykje som skal til for litt fornying. Ein ny løpar, ei fin boks og eit kjøken-handkle i matchande fargar. Ein treng heller ikkje kjøpe nytt, kanskje berre finne fram noko du allereie har liggande i skapa. Bileta er tatt på kjøkenet. Med ønske om ei god helg!

mandag 15. april 2013

Pastell og maleri

 

Her er nokon detaljar frå kjøkenet, her går det mest i duse pastellar. Maleriet som eg viser heng i gangen, men syns det passa så godt i lag med desse fargane. Maleriet er laga av meg sjølv. Ha ein fin mandagskveld!

søndag 14. april 2013

Something blue


Eg fekk lyst å finne fram litt blått! Det er ikkje yndlingsfargen min, men er ein farge ein ikkje kan kome utanom. Trur ikkje eg har vist så mykje blått før heller. Såg på Nib sine sider for ei stund sidan at blått er "i vinden" igjen. Eg fekk og inspirasjon til å begynne på eit nytt maleri i blåtonar, dette kan dokke skimte i bakgrunnen på det første bildet. Skal presentere det på bloggen når det er ferdig. Ønsker deg ein fin søndags kveld!
 
 

onsdag 10. april 2013

Nib-medlem

 
 
 
 
 
 
 
Eg har no blitt medlem i Nib! Kjekt og ekstra inspirerande for vidare blogging. Hadde tenkt å legge ut nokon andre bilder i kveld, men har forelska meg i desse blomsterbilda. Blomane som eg plante ut forrige veke måtte nemleg få bli med inn for å overleve dei store snømengdene vi har hatt på Sunmøre siste tida..Er redd for å gjenta meg sjølv når det gjeld bildebruk og fargevalg, men desse bilda måtte eg berre dele!             

lørdag 6. april 2013

Vårforberedelsar

 
I går planta eg dei fyrste uteplantene for våren;"knappeblomster". Og i dag har snøen lagt seg som eit tjukt kvitt teppe her på Sunnmøre! Utrulig kor veret kan skifte her frå ein dag til ein annan. Er jammen glad eg tok desse bileta i går, slik eg med dette kan delta i Nib si utfordring for april: "Vårforberedelsar". Eg kosa meg i alle fall veldig med å ta bileta. Ønsker deg ein fin laurdag uansett korleis veret er der du bur!
 
 
 
 

torsdag 4. april 2013

Fargebad


Bringebær med vaniljekesam, sunn og enkel dessert! Og eksta kjekt å spise i søte skåler frå Kremmerhuset. Fine pastellfargar og mønster, passar perfekt inn heime med meg. Sjølv om eg er glad i fargar likar eg også interiør som er meir avdempa i nyansane. Og det er godt å sjå at det er stor variasjon ute i bloggverda. Har planar om å delta i Nib si utfordring denne måneden, så kanskje neste innlegg herfrå blir om det? Ha ein fin torsdagskveld!

onsdag 3. april 2013

Vår


Påska er over og det gule er stort sett pakka vekk, forutan dei gule detaljane eg har framme til vanleg. Greinene som eg hadde påskepynt på får stå ei stund til, eg syns dei står så fint i Norgesglaset. Eg har sått karse, og den har begynt å vekse. Vesleguten min på snart 5 syns det er kjekt å følgje med på at det spirer. Det er så godt med meir lys om dagen og lenger kveldar. Sjølv om det er kaldt i lufta merkar eg godt at det no er vår! Tusen takk for kommentarar på innlegga mine, og velkomen til nye følgerar!