søndag 29. desember 2013

Tulipanar og tur


 
 


 
 
 
 
Eg har fått tulipanar i hus, og med det ein aldri så liten vårfornemmelse. Sviblane hadde visna og eg trengte noko nytt til nyttår. Jula nærmar seg slutten og det beste med å nærme seg eit nytt år er for meg at det går mot vår og lysare tider. I dag var vi ein tur til leikeplassen før middag, og til tross for at det regna var det lysare ute, sola har snudd!
 

tirsdag 24. desember 2013

God Jul!


 
Vi har pynta med raudt og er klar til julefeiring. Minstemann i heimen er utålmodig etter at julekvelden skal kome, eg ser fram til litt meir ro i heimen i morgon. God Jul ønsker eg til alle lesarar!

søndag 22. desember 2013

O jul med din glede og barnlige lyst

 
 
 
 
 
 
 
 
På grunn av tidsknipe og dårlige lysforhold har det blitt lite blogging i det siste. Eg innrømmer gjerne at tida fram mot jul ofte vert meir stress enn kos. Lysforholda har vore dårlege i det siste så eg får ikkje tatt fine foto. Men i dag vel eg likevel å vise nokon glimt frå vår julepynta heim. Det er 5-åringen som har fått bestemt det meste, og sida jula er bornas høgtid syns eg det er viktig at dei får delta. Så får Nib og andre synes kva dei vil :)
Ønsker alle ei god julehøgtid!

mandag 16. desember 2013

Hender

 
 
 
Eit sett barnehender og eit sett bestefarhender baka i går pepperkaker og pynta dei. Koselege førjulsminner å ta med vidare for både liten og stor. Ønsker alle lesarar ei fin førjulstid vidare!

søndag 8. desember 2013

Strålande jul

 
 
 

 
 
 
 
Det er andre søndag i advent, og det har blitt litt meir jul i heimen. Eg brukar å pynte med lilla og rosa i adventstida, og like før julafta sper eg på med ei ekstra dose raudt. Juletreet får vi ikkje i hus før det nærmar seg den 24., men i år fann vi eit lite søtt tre like ved huset vårt som vi tok inn. Elles er sviblar på plass og ei rosa julestjerne pyntar opp spisebordet. Vi har laga pepperkake-kirke og julekrybba er på plass. Med desse bileta deltek eg herved i Nib si utfordring for desember "Strålande jul". Eg vert glad om du som les innlegget legg att ein kommentar! Fortsatt god adventstid til alle lesarar!

søndag 24. november 2013

Dekorering av sviblar


 
 
 
 
 
I dag har dekorering av sviblar stått på programmet. Brukar alltid å ha sviblar i adventstida, men i år har eg pynta dei litt ekstra. Etter å ha planta dei i ulike krukker har eg brukt alt frå konglar, englar og stjerner til å pynte med. Har brukt sølvstreng til å feste konglar og det andre med. Mose høyrer sjølvsagt med. Denne kan ein plukke sjølv i naturen eller kjøpe ferdig plukka på blomsterbutikk. Ønsker alle lesarar ei god advendtstid!

søndag 17. november 2013

Smak av jul



 
 
Eg er egentlig motstandar av å begynne for tidlig på juleforberedingar. Men, i år har eg lyst å ha meir tid til kos i desember, og mindre stress. Sidan julemannar og smakar best før jul laga vi det i dag, til glede for liten og stor! Ein koseleg og fin søndagsaktivitet.

torsdag 7. november 2013

Vinterstemning

 

 
 
 
Vinterstemning for meg er fyrst og fremst snø. Men vi har ikkje fått det enda på Sunnmøre.
Innandørs er vinter for meg levande lys, noko varmt i koppen og gjerne eit strikk i fanget.
Tome greiner utan blad er og vinter slik eg ser det, og kalde blå og turkisfargar gir dei rette
farge-assosiasjonane. Med desse bileta frå kjøkenet mitt deltek eg på Nib si utfordring for
november: "Vinterstemning".
 

mandag 28. oktober 2013

Helga

 



 
 
 
 
Vi har hatt ei innhaldsrik og kjekk helg. Har rekt både ein tur på loppemarked, fjelltur og litt strikking. På loppemarkedet fann eg 3 fine lysestakar i messing. Fann eit gamalt fat heime som eg har arva frå bestemora mi, det fekk kome fram på bordet sidan det passa så godt i lag med lysestakane. Det lilla strikket skal bli ein vest, eller genser utan armar. Garnet heiter Sandnes Easy, det er ganske tjukt og som navnet seier, lett å strikke. Eg har ikkje så gode strikke-ferdigheiter, så enkle ting passar meg. Pleddet som du kan skimte på eine bildet i rosa og beige har eg strikka for mange år sidan. Det tok tid å strikke, men har hatt stor glede av det! Ønsker alle som er innom ei god veke!
Ps. Om nokon har gode tips og råd til puss av messing tar eg gladelig i mot :-)