fredag 27. februar 2015

God helg



Vil med desse bilda ønske alle ei god helg! Blomstrane er 14 dagar gamle, har hatt dei heilt sidan eg var bursdag, heilt utrulig! Sjølv fekk eg ei god nyheit denne veka, fekk tilbud om ein jobb eg hadde veldig lyst på, gler meg til å starte opp i midten av mars. Så går nye og spennende tider i møte!


mandag 23. februar 2015

Følg meg på instagram

 
 



 
Eg har endeleg komt meg på instagram. Nokon smakebitar frå augneblikk ute og inne deler eg med dokke her. Bloggen vil framleis vere den viktigaste arena for meg når det gjeld foto og skriving. Om du ønsker å følgje meg blir eg glad for det! Send forespørsel på instagram til det_gode_rom.
 

fredag 20. februar 2015

Omaggio





Eg har lenge hatt lyst på den berømte Omaggio-vasen. For pengar eg fekk i bursdagsgåve har eg endeleg fått den i hus. Når eg stod i butikken var det vanskeleg å velge farge. Det stod i hovudsak mellom rosa og turkis, og valget vart turkis. Passar godt inn i interiøret mitt, og passar dessutan godt til ulike fargar blomster. Ønsker alle ei god helg!

onsdag 18. februar 2015

Jubileum





I helga hadde eg eit lite jubileum. Feira to dagar på rad, venner eine dagen og familie neste. Eg kosa meg spesielt med å dekke bord. I gåve fekk eg blant anna pengar som eg har tenkt på å bruke på nytt kamera. Kjekt å feire bursdag, kjenner eg er takknemlig for gode venner og familie.

fredag 13. februar 2015

Lappeteppe






Endelig i mål med lappeteppet eg har jobba med i over eit år no! Eg har hatt lange pauser innimellom, det er grunnen til at det har tatt si tid. Men kjekt å ha blitt ferdig og kunne nyte resultatet. Er veldig fornøgd med fargesamansetninga og syns det passar fint inn i stova mi. Eg har brukt både nye stoff, stoff eg har kjøpt på bruktbutikkar og gamle  dynetrekk. Eg skal nok sy meir etterkvart, men trur det vert ei lita stund til neste prosjekt. Krev både tid å ro å sette seg ned med sysmaskina, ikkje minst må ein konsentrere seg. Ønsker alle ei god helg!

torsdag 5. februar 2015

Vinter ute, vår inne





Siste dagane har eg vore heime med ein liten kar som har vannkoppar.. Kjedelig å ikkje kunne gå ut og nyte snøen og vinteren som vi har ute. Då hjelper det å pynte litt opp heime, og det skal ikkje så mykje til. Ein liten bukett tuilpanar på kjøkenbordet gjer dagen så mykje trivelegare! Så ute er det vinter, inne snev av vår. Tulipanar blir aldri feil.  God helg alle saman!

mandag 2. februar 2015

Kvardagsglimt






På kjøkenet står ein fin orkide og pyntar opp.Ute er det vinter og kaldt. I helga har vi blant anna vore på fjelltur fredagskvelden med grilling i skogen og konkurransar for borna. Spennende for dei minste å gå ute i mørket med faklar og hovudlykt. Turen var i regi av det lokale idrettslaget i forbindelse med at det i år er "Friluftsåret". Vår vesle familie trivs utandørs. Det er lett å ta bilen fatt på vei til skule, men av og til prøver vi å gå. I dag hadde vi ein koseleg rusletur i snøen på vei heim. Denne bloggen er i hovudsak ein interiørblogg, men kjenner det av og til er det kjekt med litt andre innslag og. Ønsker alle ei god veke vidare!