søndag 21. februar 2016

My home is my castle








Lenge sidan sist! Men eg er her enda. Vinterferien står for tur og vi har starta den med ei rolig helg i heimen. Kjenner det gjer godt! Og kjenner virkelig eg trivs i heimen min, eg får energi av å vere her. Elskar fargane eg omgir meg med og er veldig glad for å ha ein heim eg kosar meg i. Korleis har du det i din heim? Det viktigaste er at DU trivs akkurat slik du har det! Ha ein fin søndag og ein fin vinterferie, enten du er heime eller på ski.

søndag 22. november 2015

Nellik





Lenge sidan eg har blogga. Tida strekk ikkje til då eg for tida har ein jobb som opptek veldig mykje av tida mi. For nokon dagar sidan fekk eg tid å knipse nokon fargerike bilete eg tok då eg hadde pynta huset med nellikar. Syns dette er ein fin og veldig holdbar blomst! God ny veke til deg!

søndag 16. august 2015

Meir sommar










Mange gode minner frå sommaren i år, både frå turar i nærområde og i frå tur til varmare strøk. No er vi klare for skulestart! Håper sommaren din har vore fin.

søndag 19. juli 2015

Sommaren hittil











Nokon glimt frå vår sommar hittil. Ikkje til å legge skjul på at det har regna mykje i sommar på Sunnmøre. Men nokon gode dagar har vi hatt innimellom. Tall Ship Race i Ålesund, sommarfesten på Giske, kafebesøk og sommarbåten i Ulsteinvik er nokon av høgdepunkta hittil. Håper du har ein god sommar der du er!








søndag 12. april 2015

Ranunklar i hus!









Til helga unte eg meg ein nydelig bukett med ranunklar, dette er virkelig ein  favorittblomst! Herlige fargar, som gir meg energi å sjå på.  Eg har byrja i ny jobb og har difor ikkje tid til så mykje blogging for tida. Ønskjer alle ei fin ny veke!


tirsdag 17. mars 2015

Male eller ikkje male? Treng råd!

 
Eg har eit kjøken som byrjar å bli slitt. Vurderer nye dører/frontar, men dette blir kostbart. Så lurer på å male sjølv. Nokon som har erfaring med dette og kan råde eller fraråde meg til å gjere det? Redd det blir veeldiig mykje jobb!! Og vil det halde? Kva type maling er bra å bruke? Tek gjerne i mot tips om fargeval også, no er det ein slags gråkvit farge, men kva med å male lys turkis for eksempel? Blir ein lei det på sikt kanskje? Mest trygt å male lyst, men når ein fyrst skal fornye kunne det vere gøy med litt forandring også. Takknemlig for råd! (Ps. Kjøkenbildet er ikkje nytt og ikkje av beste kvalitet, måtte berre ha det med for å vise litt av kjøkenet)

søndag 15. mars 2015

Nydeleg vårdag







I dag har vore ein nydelig vårdag på Sunnmøre. Vi har vore på tur med "Barnas Turlag" og kosa oss ute med grilling og oppdagingsferd mellom bakkar, berg og gamle tun. Dei første snøklokkene er plukka og solstrålane har gitt varme og påfyll til ei ny veke.