I eit blad eg las nylig fekk eg eit godt innredningstips som eg vil dele med dokke. Kanskje som ein liten fortsettelse på mitt forrige innlegg? Ønsker du forandring utan å gå og kjøpe noko nytt eller male møblar og ting og tang i nye fargar? Av og til er det også greitt, men tipset eg no skal dele er heilt gratis, og eg har nettopp prøvd det sjølv, litt tid må du derimot ha til rådigheit. Neste gang du skal tørke støv tar du alt du har av pynteting og gjenstandar ned frå bord, kommodar og skap og sett det på golvet eller ut på ein veranda om veret er fint. Etterpå set du alt på plass igjen og prøver å tenke nytt, kanskje du kan snu heilt om på ting du har hatt ein fast plass. No tenker du kanskje at dette har du allereie gjort mange ganger, så noko "hokus pokus" er det ikkje, men for min del vart det nokon små forandringar som eg syns gjorde det trivelegare heime hos meg. Har du ekstra god tid kan du endatil flytte ut møblar og plassere dei på nytt. Heime med meg heldt det å flytte om på litt planter, dukar, småbord og lyslykter. Ikkje alt alt vart flytta på heller, enkelte ting måtte tilbake til sin faste plass, men det gav ein god følelse av litt forandring når det var gjort. God helg til deg!
Har sagt det før, og sier det igjen. Jeg liker så godt fargene hjemme hos deg. Det er så friskt og fint. Du er et forbilde på fargebruk. Det var et veldig godt tips. Merker på meg selv at jeg blir veldig fort fastlåst i hvor ting skal stå. En dag jeg har litt ekstra tid må jeg prøve dette.
SvarSlettØnsker deg en fin fin helg!
Klem
Ingrid
Tusen takk for fin tilbakemelding, eg er veldig glad i fargar ja :-)
SvarSlettSå enig! :) Jeg bytter ofte plass på ting og møbler, ganske enkelt av den grunn at jeg ikke har mulighet til å kjøpe nytt til stadighet. Men får på denne måten likevel tatt i bruk kreativgenet og nyte interiørlidenskapen. Synes det er et meget godt og nyttig tips ;) Og du har det kjempefint!
SvarSlettEit godt tips:-) Ved å flytte litt rundt på ting ser ein tinga med nye auge. Kjempekoseleg med deg!
SvarSlett