I dag har eg vore heime med ein sjuk gut, som dokke ser har han snike seg med på bileta. Ikkje for sjuk til å leite etter godteri i kjøkenskapa visst nok...Sidan sola viste seg måtte eg nytte anledninga til å knipse nokon bilete. Kjøkenet er det romet i huset med minst fargar. Har kvitt som base og pastellar for å skape kontrast. Har prøvd å tenke heilheit i dei ulike roma, for eksempel går det i meir sterke fargar som mørk rosa, oransje og grønt i detaljane i stua, medan det på kjøkenet går i meir pastellar som lys turkis og rosa, men der er og innslag av gult. Har ei blanding av gamle og nye møblar og av retrokoppar/servise i kontrast til det meir nostalgiske. Eg likar ulike stilar, og ser ingen grunn til å ikkje kunne blande dei i ulike rom, så lenge det er balanse i det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.