søndag 15. september 2013

Havrekake med kokos og appelsin


 
 
Eg elskar kaker, og vil no dele ei oppskrift som både sonen min på 5 år og eg er veldig glad i,
eit fint alternativ om du er lei sjokoladeskuffekake. Kaka er saftig og passar godt å fryse ned.
Eg brukar ei lita langpanne når eg steiker den (20x30cm).

 

Havrekake med kokos og appelsin

275 g smør (romtemperert)
340 g sukker
5 egg
1 eggeplomme (kviten skal brukast i glasuren)
1 ts bakepulver
5 dl kveitemjøl
1 1/2 dl havregryn (små, lettkokt type)
1 dl kokosmasse
1 dl lettrømme eller kesam (eg brukar vaniljekesam)
Finreve skal og pressa saft av 1 godt vaska appelsin (ein kan og bruke appelsinjus og kutte ut skalet)
 
 
GLASUR
1 eggekvite
ca 3 dl melis
Litt sitron eller appelsinsaft (eg brukar appelsinjus)
 
1.Varm steikeovenen til 175 grader. Dekk innsida av langpanna med bakepapir
2. Visp smør og sukker til lys og lett smørkrem. Visp inn 1 egg om gongen og eggeplomma til slutt.
3. Bland bakepulver, mjøl, havregryn og kokosmasse. Ha dette i smørkremen vekselvis med appelsinsaft, kesam eller rømme. Ha i appelsinskal om du vil ha med det (gir ein sterkare smak)
4. Fordel røra i langpanna. Steik på nederste rille i 45 minutt (ikkje lenger).
7. Glasur: Visp eggekvita til skum, pisk inn melis og sitron eller appelsinsaft, til ein fyldig glasur. Smør den oppå kaka og pynt med for eksempel tutti frutti kakepynt (populært her i heimen) eller om kaka skal serverast ein meir vaksent publikum, reve appelsinskal og kokos.
 
Kaka kan fint frysast ned, bon apetit!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar