søndag 12. januar 2014

Turkis + oransje

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Etter ei stund med pastellar i stua har eg gått tilbake til dei litt meir sterke fargane. Turkis og oransje er to fargar eg alltid har brukt i interiøret og som eg aldri vert lei. Det er veldig fint å bruke dei i lag også. Desse to fargane står overfor kvarandre i fargesirkelen slik dei dannar det som heiter komplementærfargar. Det er fargar som framhevar kvarandre eksta godt når dei står i lag. Andre eksempel på komplementærfargar er grønt og raudt, og lilla og gult. Eg har og lært at oransje er den varmaste av dei varme fargane, medan turkis er den kaldaste av dei kalde. Dette var dagens leksjon i fargelære.
 
Elles har eg fått to ting i julegåve som eg set ekstra pris på og som begge er avbilda på fotografia. Det lyse pelspleddet er heilt herlig å slenge rundt seg på ein kald vinterkveld. Og den terracottafarga kula som ligg på lysfatet er ei duftkule som er laga i Frankrike. Den er fylt med økologisk parfymeolje laga i Grasse i Frankrike og gir ei nydelig duft i heimen. Eg kosar meg i alle fall veldig i stua mi, her er det godt å vere både med fargar, dufter og ulike tekstilar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.