lørdag 28. september 2013

Om å la seg påvirke

 

 
 
Deler nokon bilete frå heime min tatt i dag tidlig. Vakre roser står på kjøkenbordet, dei er frå mamma sin hage. Ho hadde dei med på koseleg middagsbesøk i går. Elles har eg litt på hjertet når det gjeld blogging og trendar. Ser det for tida er populært med kopar og gull, og mange har det travelt med å spraye gamle ting i nye fargar og å byte ut det ein har. I mitt interiør veit eg ikkje om det passar med desse fargane, og er heller ikkje sikker på det gjer det med alle dei som ordnar og styrer fordi dette plutselig er på mote. Kjenner eg blir litt provosert av at "alle" skal følgje siste trend, er dette kreativt? Forstår godt at folk lar seg påvirke, og eg skal ikkje utelukke at eg sjølv også lar meg påvirke til tider. Men kjenner eg blir litt irritert av at alt skal byttast ut heile tida.  Går det ikkje an å vere fornøgd med å ha det slik ein har det? Eg er i alle fall det, og trivs fortsatt med det lyse og lette iblanda litt knallfargar og pastellar. Ha ei fin helg, med eller utan det siste på interiørfronten!

søndag 22. september 2013

Paris

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


Paris har ein spesiell plass i hjertet mitt. Eg budde ein halvime utanfor byen då eg jobba eit år som au-pair i Frankrike for 18 år sidan! Har hatt lyst tilbake til byen lenge, og no la det seg endelig til rette. Har nett komt tilbake etter ei helg der, og det var fantastisk å vere tilbake. Tida vart brukt på å sjå att dei stadane som gjorde mest inntrykk sist eg var der; Montmartre og Sacre-Coeur, dei fine parkane, Champs-Elysees og Triumfbogen, Notre-Damre og mykje meir. I tillegg vart det tid til å nyte god fransk mat og å titte litt i butikkar. Om du har planar om ein storby-weekend og ikkje veit kvar du skal reise anbefalar eg Paris på det varmaste. Byen har alt, storslåtte byggverk og monument,  shoppingmuligheiter, parkar, museum og nydeleg mat. Sjølv om eg har besøkt byen mange gonger vert eg aldri lei, og håper eg skal få besøke byen igjen ved eit seinare høve.

tirsdag 17. september 2013

Nytt på kjøkenet

 
 
 
 

 

Litt forandring på kjøkenet, eit nytt maleri har fått plass.Syns det passa fint til resten av interiøret.
Har vist maleriet ein gong før, da var det plassert på soverommet. No har det midlertid fått ein meir permanent plass på kjøkenet, enn så lenge. Eg er glad i maleri, sysn det gir eit flott blikkfang og tyngdepunkt i eit rom. Om nokon skulle like maleriet ekstra godt kan dokke vite at det er til salgs, eg har mala det sjølv. Takk for alle kommentarar og velkomen til nye fylgjarar!
 

søndag 15. september 2013

Havrekake med kokos og appelsin


 
 
Eg elskar kaker, og vil no dele ei oppskrift som både sonen min på 5 år og eg er veldig glad i,
eit fint alternativ om du er lei sjokoladeskuffekake. Kaka er saftig og passar godt å fryse ned.
Eg brukar ei lita langpanne når eg steiker den (20x30cm).

 

Havrekake med kokos og appelsin

275 g smør (romtemperert)
340 g sukker
5 egg
1 eggeplomme (kviten skal brukast i glasuren)
1 ts bakepulver
5 dl kveitemjøl
1 1/2 dl havregryn (små, lettkokt type)
1 dl kokosmasse
1 dl lettrømme eller kesam (eg brukar vaniljekesam)
Finreve skal og pressa saft av 1 godt vaska appelsin (ein kan og bruke appelsinjus og kutte ut skalet)
 
 
GLASUR
1 eggekvite
ca 3 dl melis
Litt sitron eller appelsinsaft (eg brukar appelsinjus)
 
1.Varm steikeovenen til 175 grader. Dekk innsida av langpanna med bakepapir
2. Visp smør og sukker til lys og lett smørkrem. Visp inn 1 egg om gongen og eggeplomma til slutt.
3. Bland bakepulver, mjøl, havregryn og kokosmasse. Ha dette i smørkremen vekselvis med appelsinsaft, kesam eller rømme. Ha i appelsinskal om du vil ha med det (gir ein sterkare smak)
4. Fordel røra i langpanna. Steik på nederste rille i 45 minutt (ikkje lenger).
7. Glasur: Visp eggekvita til skum, pisk inn melis og sitron eller appelsinsaft, til ein fyldig glasur. Smør den oppå kaka og pynt med for eksempel tutti frutti kakepynt (populært her i heimen) eller om kaka skal serverast ein meir vaksent publikum, reve appelsinskal og kokos.
 
Kaka kan fint frysast ned, bon apetit!
 

torsdag 12. september 2013

Litt meir haust

 



 
Litt nytt på lysfatet, syns varme fargar som brunt og kopar er fint i lag med grønt! Den grøne koppen er kjøpt på bruktbutikk, har 3 stykker av den med tefat og tallerken til. Når eg gjekk tur før i dag vart eg stoppa av ei snill dame i bygda her eg bur, ho lurte på om eg hadde lyst på plommer. Og det passa no bra sidan det nye plommetreet vårt kun gav oss 2 stk i år. Som eg før har sagt så likar eg ikkje hausten, men har byrja å innstille meg på den no. Likar du hausten?

onsdag 11. september 2013

Utstilling

 

 
 
 
 
Forrige helg hadde eg separatustilling i eit kunstlag på Sunnmøre. Stilte ut 15 maleri i akryl. Lenge sidan sist eg har stilt ut så mange bilete, så det var kjekt å få vise dei fram og ikkje minst å få mange fine tilbakemeldingar. Slikt gir inspirtasjon til vidare arbeid. Fekk ein heilt nydelig blomsterbukett under opninga av utstillinga, og den passa perfekt i den rosa Ikea-vasen min! Eit lite utval av maleria innimellom bileta av blomsterbuketten. Ha ein fin onsdagskveld!

 


 

torsdag 5. september 2013

Mykje lys og mykje pledd

 
 

  
 
Eg er ikkje så glad i haust, men det hjelp med lys og varme pledd og ei stue som eg trivs i!
Nib si utfordring for september månad er nettopp dette: "Mykje lys og mykje pledd".
Med desse bileta frå heimen deltek eg herved i utfordringa.