Viser innlegg med etiketten Kjøken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøken. Vis alle innlegg

tirsdag 17. mars 2015

Male eller ikkje male? Treng råd!

 
Eg har eit kjøken som byrjar å bli slitt. Vurderer nye dører/frontar, men dette blir kostbart. Så lurer på å male sjølv. Nokon som har erfaring med dette og kan råde eller fraråde meg til å gjere det? Redd det blir veeldiig mykje jobb!! Og vil det halde? Kva type maling er bra å bruke? Tek gjerne i mot tips om fargeval også, no er det ein slags gråkvit farge, men kva med å male lys turkis for eksempel? Blir ein lei det på sikt kanskje? Mest trygt å male lyst, men når ein fyrst skal fornye kunne det vere gøy med litt forandring også. Takknemlig for råd! (Ps. Kjøkenbildet er ikkje nytt og ikkje av beste kvalitet, måtte berre ha det med for å vise litt av kjøkenet)

mandag 26. januar 2015

Lilla benk


 
Den lilla benken på kjøkenet vart flytta frå eine sida av bordet til den andre, syns den kom til sin rett ved vindauget! Benken kjøpte eg for under 100 kroner på loppemarked, og malte den i fargen plomme. Har ikkje mykje lilla i interiøret frå før, men syns den passar inn. Bildet i bakgrunnen har eg malt sjølv. Ha ei fortsatt god veke!

onsdag 12. februar 2014

Perleblomst + pastell

 

 
 
Til morsdag fekk eg ein fin perleblomst! Den har begynt å blomstre og pyntar så fint opp på kjøkenbordet mitt. I lag med duse pastelltonar syns eg dette byrjar å ligne på vår. Og slik veret har vore på Sunnmøre i det siste er her meir vår enn vinter, heilt greitt for min del. Om nokon syns det har blitt mykje blomster her i det siste så lovar eg noko heilt anna i neste innlegg!

lørdag 1. februar 2014

Callandiva



 
Ei plante eg alltid har i hus når det nærmar seg vår er "ildtopp", på fagspråket Callandiva. Syns den er kjemepefin, så står den lenge og er lettare å halde liv i enn for eksempel primula. Det gledar meg å sjå den på kjøkenet mitt! Ha ei fortsatt god helg og hjertlig takk for fine tilbakemeldingar på forrige innlegg!

torsdag 23. januar 2014

Lilla

 
 


 
Eg hadde ein orkide som nesten hadde blomstra av, dei to blomane som var att fekk plass i ein søt liten vase som pyntar opp på kjøkenbordet. Syns dei passa godt inn til den lilla benken og til dei andre fargane på kjøkenet mitt. Ønsker alle som ser innom ein fin torsdag! Takk for kjekke kommentarar på tidlegare innlegg.

fredag 17. januar 2014

Kvifor blogge?

 

 
 
 
I dag vaskar eg hus, men fekk tid til å ta desse litt vårlige bileta innimellom. Primulaen minner meg om vår og gjev meg ei god stemning! Eg las på ein annan blogg nylig at det å ta bileta å legge ut på bloggen gjorde denne dama glad. Og på same måte har eg det! Fine fargar og gode komposisjonar gjer meg rett og slett glad, og det er grunn god nok for meg til å halde på med dette! Og om nokon av dokke som er innom bloggen og ser på bileta og vert glad av dei er det eit stort pluss. God helg folkens!

torsdag 16. januar 2014

Mint + lilla

 

 
Eit par nye mintfarga lys i messingstakane inspirerte meg til litt fleire bilder frå kjøkenet. Syns lilla og mintgrønt er ein fin kombinasjon. Den lilla benken kjøpte eg på loppemarked i fjor til 75 kroner, den var da slitt og falma i ein slags brungrøn farge. Eg bestemte meg for å gi den ein frisk farge. Sidan den skulle plasserast på kjøkenet måtte eg tenke kva fargar eg har der frå før, og med grå fliser over kjøkenbenken og stålfarga kjøleskap og komfyr syns eg lilla vart fint. Den lilla og mintgrøne puta hadde eg frå før, men hadde aldri nokon plass å ha den. No har den fast plass i benken. Dei grå putene er frå Kid. Ønsker dokke ein fin torsdag kveld, og takk for besøket!

søndag 29. desember 2013

Tulipanar og tur


 
 


 
 
 
 
Eg har fått tulipanar i hus, og med det ein aldri så liten vårfornemmelse. Sviblane hadde visna og eg trengte noko nytt til nyttår. Jula nærmar seg slutten og det beste med å nærme seg eit nytt år er for meg at det går mot vår og lysare tider. I dag var vi ein tur til leikeplassen før middag, og til tross for at det regna var det lysare ute, sola har snudd!
 

lørdag 28. september 2013

Om å la seg påvirke

 

 
 
Deler nokon bilete frå heime min tatt i dag tidlig. Vakre roser står på kjøkenbordet, dei er frå mamma sin hage. Ho hadde dei med på koseleg middagsbesøk i går. Elles har eg litt på hjertet når det gjeld blogging og trendar. Ser det for tida er populært med kopar og gull, og mange har det travelt med å spraye gamle ting i nye fargar og å byte ut det ein har. I mitt interiør veit eg ikkje om det passar med desse fargane, og er heller ikkje sikker på det gjer det med alle dei som ordnar og styrer fordi dette plutselig er på mote. Kjenner eg blir litt provosert av at "alle" skal følgje siste trend, er dette kreativt? Forstår godt at folk lar seg påvirke, og eg skal ikkje utelukke at eg sjølv også lar meg påvirke til tider. Men kjenner eg blir litt irritert av at alt skal byttast ut heile tida.  Går det ikkje an å vere fornøgd med å ha det slik ein har det? Eg er i alle fall det, og trivs fortsatt med det lyse og lette iblanda litt knallfargar og pastellar. Ha ei fin helg, med eller utan det siste på interiørfronten!

tirsdag 17. september 2013

Nytt på kjøkenet

 
 
 
 

 

Litt forandring på kjøkenet, eit nytt maleri har fått plass.Syns det passa fint til resten av interiøret.
Har vist maleriet ein gong før, da var det plassert på soverommet. No har det midlertid fått ein meir permanent plass på kjøkenet, enn så lenge. Eg er glad i maleri, sysn det gir eit flott blikkfang og tyngdepunkt i eit rom. Om nokon skulle like maleriet ekstra godt kan dokke vite at det er til salgs, eg har mala det sjølv. Takk for alle kommentarar og velkomen til nye fylgjarar!
 

lørdag 13. juli 2013

Kjøken og hyller

 
 

 

Eg har fått opp ei ekstra hylle på kjøkenet. Fyrst hadde eg berre ei, men syns det kunne vere både fint og praktisk med ei til. Her har eg både ting eg brukar i det daglige, og ting som omtrent kun blir brukt til pynt. Ha ei god helg!

fredag 19. april 2013

Vårfornyelsar

 
 
 
 
 
Det er ikkje alltid så mykje som skal til for litt fornying. Ein ny løpar, ei fin boks og eit kjøken-handkle i matchande fargar. Ein treng heller ikkje kjøpe nytt, kanskje berre finne fram noko du allereie har liggande i skapa. Bileta er tatt på kjøkenet. Med ønske om ei god helg!

torsdag 21. februar 2013

Vårfornemmelse

 
 
 
 
I går fekk eg vårfornemmelse for første gang på lenge! Har nettopp hatt bursdag også, og i den anledning fekk eg nydelige roser og blant anna det fine ostefatet som du kan skimte på bilda. Den turkise vasen er også ny, og den lot eg meg friste til å kjøpe sjølv. Turkis er yndlingsfargen min, og det er ein veldig fin kontrastfarge til dei andre fargane i interiøret mitt.