torsdag 28. februar 2013

Maleri

 
For fyrste gong på eit heilt år har eg mala ferdig eit maleri! I fleire år har eg brukt mykje tid på dette og delteke på fleire utstillingar. Men siste året har full jobb i kombinasjon med å vere småbarnsmor sett ein stoppar for det. Håper eg får meir tid til dette framover, for det gjer meg så glad når eg får halde på med dette! Maleriet er til salgs om nokon kunne tenke seg å ha det på veggen.

søndag 24. februar 2013

Fint inne og ute

 
 
 
 
 

 
I helga har eg hatt nokon gode venninner på middag. Viser nokon bilete frå spisebordet før og etter
eg hadde dekt på, kosa meg med å pynte og lage mat til gjestane. I dag har vi hatt sol og nydelig ver på Sunnmøre, og ein tur i fjøra gjorde godt!


 
 

torsdag 21. februar 2013

Vårfornemmelse

 
 
 
 
I går fekk eg vårfornemmelse for første gang på lenge! Har nettopp hatt bursdag også, og i den anledning fekk eg nydelige roser og blant anna det fine ostefatet som du kan skimte på bilda. Den turkise vasen er også ny, og den lot eg meg friste til å kjøpe sjølv. Turkis er yndlingsfargen min, og det er ein veldig fin kontrastfarge til dei andre fargane i interiøret mitt.
 

fredag 15. februar 2013

Gang

 
 
 
Sidan eg ikkje har vist nokon bilete frå gangen enda viser eg no foto frå gangen nede og oppe. Maleriet som viser på det fyrste fotografiet har eg mala sjølv. Det mintgrøne fatet som står til venstre på konsollbordet har eg arva frå mamma si tante. Det er eit gamalt Figgjo-fat som eg syns er heilt nydelig. Det siste bilete er frå gangen oppe. Kjolen som heng til pynt har eg hatt i snart 10 år, og vurderer å bruke den nok ein gang når eg i sommar skal i bryllup i Spania.
God helg!

onsdag 13. februar 2013

Kjøken




 

 
 
I dag har eg vore heime med ein sjuk gut, som dokke ser har han snike seg med på bileta. Ikkje for sjuk til å leite etter godteri i kjøkenskapa visst nok...Sidan sola viste seg måtte eg nytte anledninga til å knipse nokon bilete. Kjøkenet er det romet i huset med minst fargar. Har kvitt som base og pastellar for å skape kontrast. Har prøvd å tenke heilheit i dei ulike roma, for eksempel går det i meir sterke fargar som mørk rosa, oransje og grønt i detaljane i stua, medan det på kjøkenet går i meir pastellar som lys turkis og rosa, men der er og innslag av gult. Har ei blanding av gamle og nye møblar og av retrokoppar/servise i kontrast til det meir nostalgiske. Eg likar ulike stilar, og ser ingen grunn til å ikkje kunne blande dei i ulike rom, så lenge det er balanse i det.

søndag 10. februar 2013

Morsdag


 
 
 
Eg er heldig som både er mor og har mor. Eg vart glad for vakre roser eg fekk av sonen min, og det var  kjekt å glede mi eiga mor med roser. Likevel tenker eg på dei som kanskje ikkje syns morsdag er ein god dag. For den som ikkje har mor, eller ikkje er mor sjølv om ein hadde ønska det, er slike dagar kanskje ekstra vanskelege. Før eg laga min eigen blogg har eg fylgt med på ei rekke bloggar. Og har ikkje unngått å legge merke til at mange legg vekt på å få fram at dei er lykkelig gift og har mange born. At dette er ei stor lykke i livet er det ingen tvil om, men at det kan forsterke eit savn å lese om dette for dei som ikkje er i same situasjon er også sikkert. Håper dette kan vere tankar til ettertanke.
 
 

onsdag 6. februar 2013

Nib-utfordring februar - kontrastar

 
Kontrast mellom fargar, den kalde turkise mot det varme brune.
Kontrast mellom materiale, glas mot tekstil og tre. Kontrast i størrelse, liten mot stor.
 
 
Kontrast mellom fargane oransje og turkis, som er komplementærkontrast i fargesirkelen.
Kontrast mellom  lys og mørke, runde og firkanta former, og mellom ulike materiale,
som gjennomsiktig glas og fast tre.
 
 
 
 
 
Igjen kontrast mellom fargar, grønt og raudt er komplementære fargar.
Kontrast mellom mønster og ensfarga flater. Kontrast mellom organisk
 materiale som blomster og frukt og materiale som keramikk og tre.
 
 
Komplementærkontrast mellom oransje og turkis. Kontrast mellom
 mønster og ensfarga flater, mellom lys og mørke og mellom gjennomsiktig
og ikkje gjennomsiktig materiale.
 
 

tirsdag 5. februar 2013

Heimelaga esker





Har du tome sko-esker som du ikkje brukar? Tidlegare har eg ofte kasta desse. Men etter å ha sett alle fine eskene ein kan få kjøpt fekk eg lyst å lage nokon sjølv. Er veldig glad i fint papir, men det vert ofte liggande utan å bli brukt. Ved hjelp av decoupage-lim og tome esker laga eg desse to variantane. Veldig enkelt, og du kan oppbevare alt frå tegneutstyr til plastalin for dei minste, eller sminkesaker, belter og smykker til deg sjølv. Så neste gang du kjøper sko, kjøp også fint papir, og gå i gang!

søndag 3. februar 2013

Søndag ettermiddag og tankar rundt det å blogge


 
Her kjem atter nokon bilete frå stova, tatt ein søndags ettermiddag. Greit med nokon augneblinksbilete og. Har hatt ei barnefri helg for fyrste gong på lenge, og det var godt å kunne sitte i sofaen og for eksempel lese eit blad. Når eg starta opp bloggen var eg usikker på korleis eg ville ha den og kor personleg eg vil vere. Skal eg for eksempel vise fram bilete av meg sjølv, bilete av sonen min?
Kor mykje skal eg fortelje frå mitt eige liv? Skal eg vere anonym eller stå fram med navnet mitt?
Desse tinga har eg ikkje heilt landa på enda. Det er fint å lese andre sine bloggar der folk er både personlege og viser bilete av seg sjølv og borna, samstundes er det noko spanande meg dei som er litt meir anonyme. Bakgrunnen for å starte denne bloggen var fyrst og fremst interessa for interiør, og då tenker eg at for å lage interessante innlegg og for å inspirere må eg ikkje nødvendig dele alt?
Men tida vil vise, dette er ting eg tenker på og vurderer. No er det også det visuelle som skal på plass, og det tek litt tid å sette seg inn i alt det tekniske rundt utforminga av bloggen. Foreløpig står det att ein god del, men ved hjelp av tida skal eg nok kome i mål med det og.

lørdag 2. februar 2013

Glimt frå soverom

 
 
 
 

 
I dag skal eg vise soverommet. Det eg likar best her er den gamle kommoden eg kjøpte brukt for 200 kroner på ein bruktbutikk. Den er malt kvit, 4 strøk for å dekke brunfargen den hadde før. Maleriet over er sjølvprodusert. Skjell-lampen i taket kjøpte mora mi til meg som presang frå ein tur til Spania. Sengeteppet er frå H&M si home avdeling. Ikkje kvar dag det blir tatt fram, men det livar opp i romet når det er framme.