Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg

søndag 15. mars 2015

Nydeleg vårdag







I dag har vore ein nydelig vårdag på Sunnmøre. Vi har vore på tur med "Barnas Turlag" og kosa oss ute med grilling og oppdagingsferd mellom bakkar, berg og gamle tun. Dei første snøklokkene er plukka og solstrålane har gitt varme og påfyll til ei ny veke.


lørdag 21. juni 2014

Båttur


 
 


 

 
Det er regn og kaldt på Sunnmøre i dag. Då er det godt å mimre tilbake til ein fin båttur vi hadde tidligare i sommar. Koret eg er med i hadde avslutning på ein i idyllisk holme utanfor Ulsteinvik, her var det godt å vere for både store og små.
 

 

søndag 24. februar 2013

Fint inne og ute

 
 
 
 
 

 
I helga har eg hatt nokon gode venninner på middag. Viser nokon bilete frå spisebordet før og etter
eg hadde dekt på, kosa meg med å pynte og lage mat til gjestane. I dag har vi hatt sol og nydelig ver på Sunnmøre, og ein tur i fjøra gjorde godt!


 
 

søndag 20. januar 2013

Søndag ute og inne



Då er mitt fyrste blogginnlegg på plass! Sjølv om dette i hovudsak er tenkt som ein interiørblogg vart det i dag bileta frå ein vakker vinterdag på isen som fekk størst plass. Og til slutt eit bilete av mitt siste kupp i bruktbutikken, 1 stk. kuvert av serviset "Clupea" frå Figgjo. Nydelege fargar og mønster! I neste innlegg vil eg vise glimt frå heimen min.