I kvardagen min finn eg det vanskelig å få tid til å ta bilder til bloggen, så i ettermiddag tok eg rett og slett nokon detaljbilete frå kjøkenet, medan vi venta på middagen. Ein fin fargerik kopp, utsnitt av voksduken på bordet, litt lys og nokon fine steinar som ligg på lysfatet.
Eg elskar å lage ting, så luksusproblemet er kva eg skal prioritere. For tida lærer eg å sy, og så har eg lyst å male fleire bilete. Og sjølvsagt tid til å blogge. Ofte vil eg rekke over alle ting på ein gong, men ser at det kan ende med at ingenting blir gjort. Dette gjer meg litt frustrert! Korleis er din kvardag, får du tid til alt du har lyst til?




