I helga hadde eg eit lite jubileum. Feira to dagar på rad, venner eine dagen og familie neste. Eg kosa meg spesielt med å dekke bord. I gåve fekk eg blant anna pengar som eg har tenkt på å bruke på nytt kamera. Kjekt å feire bursdag, kjenner eg er takknemlig for gode venner og familie.
onsdag 18. februar 2015
fredag 13. februar 2015
Lappeteppe
Endelig i mål med lappeteppet eg har jobba med i over eit år no! Eg har hatt lange pauser innimellom, det er grunnen til at det har tatt si tid. Men kjekt å ha blitt ferdig og kunne nyte resultatet. Er veldig fornøgd med fargesamansetninga og syns det passar fint inn i stova mi. Eg har brukt både nye stoff, stoff eg har kjøpt på bruktbutikkar og gamle dynetrekk. Eg skal nok sy meir etterkvart, men trur det vert ei lita stund til neste prosjekt. Krev både tid å ro å sette seg ned med sysmaskina, ikkje minst må ein konsentrere seg. Ønsker alle ei god helg!
torsdag 5. februar 2015
Vinter ute, vår inne
Siste dagane har eg vore heime med ein liten kar som har vannkoppar.. Kjedelig å ikkje kunne gå ut og nyte snøen og vinteren som vi har ute. Då hjelper det å pynte litt opp heime, og det skal ikkje så mykje til. Ein liten bukett tuilpanar på kjøkenbordet gjer dagen så mykje trivelegare! Så ute er det vinter, inne snev av vår. Tulipanar blir aldri feil. God helg alle saman!
mandag 2. februar 2015
Kvardagsglimt
På kjøkenet står ein fin orkide og pyntar opp.Ute er det vinter og kaldt. I helga har vi blant anna vore på fjelltur fredagskvelden med grilling i skogen og konkurransar for borna. Spennende for dei minste å gå ute i mørket med faklar og hovudlykt. Turen var i regi av det lokale idrettslaget i forbindelse med at det i år er "Friluftsåret". Vår vesle familie trivs utandørs. Det er lett å ta bilen fatt på vei til skule, men av og til prøver vi å gå. I dag hadde vi ein koseleg rusletur i snøen på vei heim. Denne bloggen er i hovudsak ein interiørblogg, men kjenner det av og til er det kjekt med litt andre innslag og. Ønsker alle ei god veke vidare!
lørdag 31. januar 2015
Stua + grøne planter
Eg har alltid likt planter. No er det visst "in" med grøne planter, særlig store planter. Eg har nylig anskaffa meg ei planta som heiter "Monastera". Den kan bli ganske stor. Syns den er veldig flott, med sine særegne blad. Håper den vil trivs med meg slik eg kan ha den lenge. Eg får på ein måte eit forhold til plantene mine, dei får no stell og omsorg og eg har dei fleste i årevis. Det skal mykje til før eg kvittar meg med ei. Likar du planter?
mandag 26. januar 2015
Lilla benk
Den lilla benken på kjøkenet vart flytta frå eine sida av bordet til den andre, syns den kom til sin rett ved vindauget! Benken kjøpte eg for under 100 kroner på loppemarked, og malte den i fargen plomme. Har ikkje mykje lilla i interiøret frå før, men syns den passar inn. Bildet i bakgrunnen har eg malt sjølv. Ha ei fortsatt god veke!
søndag 25. januar 2015
Detaljar
Søndag morgon, tid til å nyte ei roleg stund. I løpet av helga har lysfatet fått ei lita ommøblering. Syns gull og koparfargar er fint i lag. Er glad i å bruke lerkegreiner, dei er dekorative og haldbare. Ha ein god søndag alle lesarar!
Abonner på:
Innlegg (Atom)