Månadens Nib-utfordring er "Korleis lyssetter du heimen din?". Svaret mitt er lampar i ulike størrelsar og typar. Eg har både lampar i tak, golvlampar og lampar på bord. Felles for dei er at dei er lyse og glir fint inn i interiøret. Eg har og ein kombinasjon av moderne og meir klassiske lampar. Om du studerer fotografia eg deltek med vil du sjå eksempel på dette. For meg er lampar og belysning ikkje berre lys, men og med på å skape stemning og stil i heimen. For å sjå fleire bidrag klikk her.
fredag 9. januar 2015
tirsdag 23. desember 2014
Jul igjen
Eit år er gått og jula er her igjen. Heimen er pynta og klar, og vi ser fram til koselig feiring i lag
med familie og venner. Ønsker alle ei fin julehøgtid med gode og rolege dagar!
Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderom.
Der samles mine tanker,
som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt.
Jeg kan deg aldri glemme,
velsignet julenatt.
tirsdag 14. oktober 2014
London
Endelig eit livstegn herfrå. Var nylig i London for fyrste gong. For ein herlig by! Vi besøkte dei mest kjente landemerka og fekk og tid til afternoon-tea og spasertur i Hyde Park. Var og i Notting Hill og innom det kjente Markedet i Portobello Road.London overraska på ein postiv måte, byen var mykje grønare og meir vennleg enn eg hadde forventa.
Ønsker meg tilbake hit ein gong!
fredag 8. august 2014
Staffordshire-krus til salgs
Selger 3 stk. Staffordshire-krus m/tefat. Fint brukt. Kontakt meg på mail om du er interessert:
lørdag 21. juni 2014
Båttur
Det er regn og kaldt på Sunnmøre i dag. Då er det godt å mimre tilbake til ein fin båttur vi hadde tidligare i sommar. Koret eg er med i hadde avslutning på ein i idyllisk holme utanfor Ulsteinvik, her var det godt å vere for både store og små.
onsdag 21. mai 2014
Gode dagar
I helga hadde vi ein liten smak av sommar. Vart invitert på utandørs bursdagsfeiring. Sosialt og kjekt for både store og små. Gode timar i godt lag, slike kveldar er kjekke å sjå tilbake på. Håper du og får gode dagar denne sommaren!
torsdag 1. mai 2014
Back in business
Endelig eit livstegn herfrå! Har rett og slett vore kjempelei blogging i ei stund, både av min egen og av andre sine. Men med lyset som har komt dei siste dagane fekk eg lyst å ta bilder igjen. Så gjenstår det å sjå kva det vert tid til framover. Ny jobb og pendling gjer at tida til fritidssyslar er mindre. Men kjem nok til å bidra med litt bilder av og til. Ønsker alle lesarar ein fin vår!
Abonner på:
Innlegg (Atom)